Kapp det gode håp

 

Kanskje på tide å starte ein reiseblogg der alle kjente og kjære kan få muligheten til å følge med på mitt nye liv i Cape Town, Sør-Afrika. Min nye heim dei neste 5 månadane. Eg har så og si forlatt det livet og dei trygge omgivelsane som eg kjenne best til fordel for noko nytt, spennande og ukjent. Å møte nye kulturar og menneske er utfordrande og interessant, og ofte møtt med ein form for kultursjokk eller kulturkræsj.

 

På det eine orienteringsmøte på skulen samanlikna den eine forelesaren kultursjokk med smaken av et eple (dersom man aldri har smakt eple før). Det er nytt og ukjent og man er gjerne litt skeptisk i byrjinga, men når man først tar seg ein bit er det helt fantastisk. Eg må innrømme at eg følte meg ganske så forvirra med ein gong eg kom hit fordi eg ikkje visste heilt kor eg skulle gå eller kor ting var. Men etter ei uke begynne eg å bli ganske godt kjent i området eg bur i og på Campus. Eg trives kjempegodt og nyte den første biten av eplet (det første nivået av kultursjokk: Lykke).

 

Cape Town er ein utrolig spennende by med et stort kulturelt mangfold. Møte mellom det europeiske og det afrikanske er ganske fasinerande. Cape Town har mange gangar blitt omtalt som ein av dei vakraste byane i verden, samtidig som den også har blitt kalt for kontrastenes by. Langs motorveien såg eg ein del slumområder som er ein stor kontrast til Cape Towns ”rikere” områder der de fleste av dei internasjonale studentane bur. Eg trur at mange turistar ikkje får sett denne sida av Cape Town, ettersom dei ofte opphelde seg på typiske turistplassar i sentrum av Cape Town. Sjølv håper eg å bli kjent med alle dei forskjellige sidene og ansikta til Cape Town før eg reise tilbake igjen til Norge.

 

Før eg reiste hit var eg skeptisk til at vi skulle bu så mange i lag, men no er eg veldig fornøyd med at eg kom i det huset der vi skulle være totalt 17 studentar. Eg bur i et ganske så internasjonalt hus der vi er tre fra Norge, to fra Tyskland, ei fra Nederland, to fra Sveits og resten fra U.S.A. På tross av kulturelle forskjellar og at vi er såpass mange som bur i lag har vi et utrolig godt samhold i gruppa. I går var vi alle på Camps Bay for å slappe av i sola. Det var utrolig deilig og mange av oss fikk nok for mykje sol (kanskje like greitt at det regna i dag sånn at huda får kvile litt). Dei fleste av oss var modige nok til å bade på tross av at det var veldig kaldt i sjøen. Eg prøva å ikkje tenke så mykje på at det er hai her og det er ganske lett å la være når man befinne seg i slike idylliske omgivelsar. Det var herlig å slappe av på stranda etter ei ganske så travel orienterings- og registreringsveke. Her er det ikkje akkurat nok med noen klikk på studentweben og så er man registrert, men her står man i lange køer og venter i timevis. Men alle timane i kø har gitt meg mange nye bekjente som eg ikkje ville blitt kjent med visst ikkje, så det komme jo noe positivt ut av det óg.

 

Første skoledag var den kjekkaste av alle. Da var vi på en ”Peninsula Tour” til Cape Point og Cape The Good Hope. Det var utrolig vakkert. Naturen her er veldig fin og fasinerande. Tok en del fine bilder den dagen ja. Vi såg også de skjønne pingvinene på Boulders Beach og besøkte en plass som heitte Ocean View. Der fikk vi god mat av de lokale som budde der og dei underholdt oss med dans og sang. Det var blant anna tre små Sør-Afrikanske guttar som gjorde et sterkt inntrykk når dei dansa ein slags form for breakdance. Dei var imponerande flinke!

 

Den kommande uka har vi fri frå skulen, så no skal vi leike turistar: Dra på Table Mountain, vinsmaking og Robben Island. Nokon av oss skal reise The Garden Route, mens eg og dei som eg er mest med har bestemt oss for å vente litt. Vi trenge vel litt meir tid på oss før vi er klare til å hoppe bungy. Ikkje bare hvilken som helst bungy, men verdens største. Eg er fortsatt bare i vurderingsfasen, der eg vurdera om eg kjem til å gjere det eller ikkje. Så får vi heller sjå om eg er modig nok når eg må ta det endelige valget: hoppe eller la være. Enn så lenge skal eg kose meg med museum, historie, vin, nye venner og nye omgivelsar.

 

”Eg lika smaken av eple”.

 

 

 Familien Lower Main Road