
”It struck me that our history is contained in the homes we live in, that we are shaped by the ability of these simple structures to resist being defiled” – Achmat Dangor, Kafka’s Curse.
I går var vi på District Six museet som er laga til minne for District Six, som var ein livlig og fleirkulturell bydel før Apartheid regimet. Under Apartheid blei omtrent 60 000 menneske flytta fra District Six og ut i periferien for å ”forbedre bybildet”. Tvangsflyttinga ut til periferien er ein av grunnane til at mange av slumområdene, som Kaylisha og Nyanga, ligg utanfor sentrum. Regjeringa meinte at det kulturelle mangfaldet og integreringa mellom menneske med ulike bakgrunnar førte til problemer og ulike konflikter. Dei kategoriserte District Six som eit slumområde og arena for prostitusjon, gambling og gjengvirksomhet. Dermed blei folk tvunge til ulike ”Townships” ut i frå kva hudfarge dei hadde for å hindre samhandling mellom menneske av ”ulik rase”. Den 11 Februar 1966 blei District Six erklært eit ”kvit område” og farga eller mørke menneske fikk ikkje lov til å oppholde seg der.
Noor, ein av guidene på museet, fortalte om korleis foreldra hans blei tvunge til å bu kvar for seg fordi mora var mørk og faren farga. Det finnes mange menneske som dele den samme skjebnen som Noors familie, og som måtte reise i frå heimane sine i District Six. Eg kjøpte boka til Noor, der han fortel om sine eigne erfaringar frå Apartheid regimet (Signert av forfattaren sjølv). Når eg har lest den skal eg prøve å putte inn meir nyttig informasjon om kva som skjedde med bydelen som ein gang myldra av liv, menneske, dans og sang.
I museet finne ein mange gateskilta som tidligere var i District Six. Tida før husene blei revet ned og gatene fekk nye navn. Man finne også mange andre ting som møbler, klær og bilder som bevis på det livet som ein gang fantes for eksempel i McKenzie street eller Hanover street. Minner som bulldosarane ikkje kunne rive ned. På veggane kan man lese erindringer om korleis livet i District Six var og om opplevingane rundt det å måtte starte over igjen, med blanke ark.
Ei historie som eg syns var veldig interessant handla om ein mann som slapp duene sine fri etter at dei hadde flytta til Athode og som var forundra over at dei ikkje kom tilbake. Men da han kjørte forbi District Six, der huset hans ein gong hadde vært, såg han duene på marka og tenkte med seg sjølv at dei hadde bestemt seg for å reise heim igjen. Det finnes mange liknande historier der duene legitimerer assosiasjonen ein har til District Six som sin eigentlige heim.
I dag får mange av det tidligare District Sixs innbyggarane muligheten til å reise tilbake igjen for å busette seg der. Nokon velge å reise tilbake, mens andre syns det er for tungt å skulle starte på nytt igjen ettersom man allereie har slått seg til ro ein anna plass i lag med familie og venner. Andre fikk aldri muligheten til å leve lenge nok til å vende tilbake til plassen der dei ein gong hadde blitt født eller vokst opp.
I 2003 starta ein å bygge dei første nye bygningane i District Six, 24 hus som skulle bli gitt til tidligare innbyggarar over 80 år. Den 11 Februar 2008 overakk Mandela to nøklar til dei første innbyggarane som kom tilbake til District Six: Ebrahim Murat (87) og Dan Ndzabela (82). I følge ulike kilder planlegge regjeringa at 4 000 familiar skal få reise tilbake til the District dei kommande årene. Det forandra såklart ikkje det som ein gang har hendt, men gir dei som framleis føla ein sterk tilhørighet til District Six ein mulighet til å vende tilbake.
Remember Dimbaza
Remember Botshabelo/Onverwacht,
South End, East Bank,
Sophiatown, Makuleke, Cato Manor.
Remember District Six.
Remember the racism
which took away our homes
and our livelihood
and which sought
to steal away our humanity.
Remember also our will to live,
to hold fast to that
which marks us as human beings:
Our generosity, our love of justice
and our care for each other.
Remember Tramway Road,
Modderdam, Simonstown.
In remembering we do not want
to recreate District Six
but to work with its memory:
Of hurts inflicted and received,
of loss, achievements and of shames.
We wish to remember
so that we can all,
together and by ourselves,
rebuild a city
which belongs to us,
in which all of us can live,
not as races but as people.

Kommenter innlegget
Kommentar-feed for denne artikkelen