
I forrige uke var eg, Emy, Marejke, Julia, Jessi og Chandra på Robben Island. Robben Island er ei øy utanfor Cape Town som frå slutten av 1700-tallet blei brukt til å isolere menneske frå omverden. Dei første fangane var politiske leiarar frå nederlandske koloniar i Afrika og Asia. Seinare var øya bosted for sjuke menneske med lepra eller tuberkulos før den i årene etter 1931 blei benytta som fengsel for politiske fangar frå Sør-Afrika (dei mest kjente fangane er Nelson Mandela, Walter Sisulu, Govan Mbeki og Robert Sobukwe). Bortsett frå å sjå på fengselet såg vi og ein slange når vi var der, ein svart slange som heitte “The black mole snake” (og som er kjent for å ikkje vise seg så ofte).
På fredag var vi på konsert på “The Armchair”, eit utested her i Observatory. “Freshlyground”, ei av Chandras favorittband, skulle spille så da bestemte mange av oss for å bli med. Det angra eg ikkje på. Oppvarmingsbandet “Hot Water” var utrolig bra, så eg endte opp med å kjøpe Cden deira. Dei var veldig underholdande, spesielt han eine som dansa afrikansk dans. Etter at dei var ferdig tenkte eg at det kan vel ikkje bli stort bedre enn ditta: Men det blei det. ”Freshlyground” var heilt fantastiske! Så no har eg lånt Cdane til Chandra, sånn at eg har dei på macen min, og eg høre på dei nesten heile tida no. Etter konserten dansa vi non-stop i tre tima, det var veldig artig. Til slutt var det nesten bare eg og Chandra igjen på dansegolvet så vi fant ut at det var på tide å tusle heimover. Heime fikk vi ein genial idé som gikk ut på å dirke oss inn på Jørn sitt rom med ein “bobbypin” for å tilbringe natta på golvet der inne (med bakgrunn i en spøk som går ut på at eg og Chandra hadde så lyst til å flytte inn på rommet til Jørn fordi han har så mange flotte bilder på veggen). Så vi tok inn ei madrass og campa på golvet: Eg, Jessi og Chandra. Vi låg der og venta i spenning på at Jørn skulle komme heim, låse opp døra og skru på lyset, Det gav meg ein følelse av å være liten igjen, eller leike gjemsel. Barnslig moro er bra! Når Jørn kom heim braut vi alle ut i latter for det var så utrolig morsomt. Man forventa ikkje akkurat at det ligger “tre piger” på ei madrass på golvet og venta på deg når du kjem heim frå byn. Jørn blei heldigvis ikkje sur, men syns bare det var gøy å få besøk av tre små piggsvin. (Jaja, kanskje ikkje så morsomt svart på kvitt, men utrolig vittig i øyeblikket).
Det var vanskelig å stå opp på lørdagen, men vi klarte til slutt å komme oss ein tur på stranda. Andre gangen på stranda her i Cape Town. Skulle gjerne hatt meir tid til å gå på stranda, men man finne liksom aldri tid. Dinna gangen dro vi på Clifton beach, som ligge ved siden av Camps bay. Ganske fin strand, men like kaldt som på Camps. Eg tok med meg ei ny bok som eg har kjøpt: “ 28 historier om AIDS”. Den virka ganske bra, men eg har ikkje fått lest så mykje i den enda. Skjer jo noko heile tida. Ikkje det at eg klaga, det betyr jo berre at eg har det kjekt.
Lørdagskvelden var forholdsvis rolig, da bare slappa vi av heime og lada opp batteriene til søndagen konsert I Kirstenbosch botaniske hage. Der var vi å hørte på “The Rudimentals”. Før konserten hadde vi piknik I hagen, noko som er veldig vanlig her i Capie. Vi såg og på “Hard Rain” utstillinga, der ein fotograf har laga ei bildeutstilling basert på teksten i sangen “Hard Rain” av Bob Dylan. Utrolig kva intrykk det gir deg når Bobs lyriske sterke ord blir satt sammen med slike fengande bilder.

Kommenter innlegget
Kommentar-feed for denne artikkelen