Nok ein gang på tide å oppdatere bloggen min og fortelle mine kjære at eg har det bra og at eg er i live. Har allerede melda med nokon av dåkke, så dåkke veit at eg har det bra. Ellers så har eg begynt ein skrive-kort-prosess, så er ein del kort på vei til Norge akkurat no. 

Har ikkje hatt tid til å skrive noko om påskeferien min enda, så tenkte eg skulle gjere det no. Hadde mykje skulearbeid etter at eg kom heim frå ferien, så når eg var ferdig med dei måtte eg ha det litt moro før eg var klar for og sette meg ned foran dataen å skrive igjen. 

Frå Mars til Venus. 

Turen begynte lørdag, den 22 Mars. Dagen etter Chandra sin bursdag (den dagen hadde vi muffins, solnedgang, jordbær og champagne i Camps Bay), og to daga før var vi på Balconology (Balkansk musikkfestival = mykje moro). Den lørdagen dro eg, Chandra, Martin og Kim til Plettenberg Bay. Planen var egentlig å kjøre heilt til Jeffereys Bay, men siden vi klarte å punktere etter ein totimers kjøretur måtte vi stoppe i Swellendam for å kjøpe eit nytt dekk. Vi hadde såklart reservedekk med oss, men vi måtte få tak i eit nytt eit i tilfelle det skulle skje igjen. Ein veit jo aldri så må jo være forberedt (Off, har eg stava det rett?, Beklaga norsken min er nok sikkert blitt ganske så hybrid). Vi var veldig flinke å skifte dekk, så alt ordna seg til slutt med eit nytt dekk sånn at vi kunne fortsette turen.    

Neste dag kjørte vi til Jeffereys Bay, der brukte vi ein time på å finne ein plass å sove. Vi hadde bestemt oss for å være spontane og ikkje planlegge turen i detalj, så da kan ein jo eigentlig ikkje forvente noko anna. Men til slutt fant vi Peggys Place, ho hadde ledig plassa der vi kunne sove. Hippie Peggy var ei artig dame, ca 50 år gammal, langt grått hår. Ho likte å sitte i stolen sin å høre på musikk fra 20-talet, eller drømme seg tilbake til den tida da Peggys Place var den einaste backpacker plassen i J-Bay. Ho snakka så sakte “Ya”, sikkert all hasjen fra “back in the old days”. Noko finurlig, men fortsatt ei veldig hyggelig dame. Om kvelden fikk vi grille ute i hagen hennes, så da hadde vi ein “braai”, som dei kalla det her. Utrolig koslig, men tok ein evighet å få fyr på grillen fordi veden var litt våt. Søte Chandra gikk rundt med ei hodelykt å samla tørre kvista, mens eg blåste sju sommera og sju vintera.  Seinare på kvelden når vi skulle legge oss var eg og Chandra ganske redde alle dei svarte makkane inne på bade som ligna på minislanga, så vi måtte gå i lag å pusse tennene. 

Neste dag tilbrakte vi i J-Bay, som på det tidspunktet var ganske øde på grunn av påskeferien. Ingenting var åpent, ikkje ein gang internettkafeane. Det var umulig å få bestilt ein surfetime sånn at vi kunne lære oss å surfe, så vi bestemte oss derfor for å lære oss sjølv å surfe, og gikk til ein surfebutikk: som merkelig nok var åpen, fikk tak i 4 surfebrett og 4 våtdrakter. Gjett om det var moro, men og ganske så vanskelig. Blei ein del knall og fall og blåmerker for den vesle kroppen min. Eg var fast bestemt på at eg skulle klare å stå oppreist, i det minste ein gang. Når eg først klarte det mista eg balansen sånn at brettet hoppa opp og landa på hodet mitt. Aotch!! Det var veldig vondt og verden snurra på ein måte rundt etterpå. Men eg bestemte meg likvel for å prøve ein gang til. Etterpå klarte eg å stå opp skikkelig uten å dette, og det var ein heilt fantastisk følelse. Kilte utrolig mykje i magen. Mission accomplished! 

Neste stopp: Grahamstown. Der vi sov i eit gamalt fengsel som no er gjort om til ein bed and breakfast. Vi ankom seint den dagen, siden vi hadde surfa så mykje i J-Bay, så gjorde ikkje stort anna der enn å spise kvelds, sove, stå opp og spise frokost. Til frokost hadde vi vaffla med is og krem. Off, kanskje ikkje akkurat frokost, men godt og kvalmande var det no. Etter at vi hadde kjøpt ein del suvenira, blant anna ein nøkkelring med eit søraferikanskt flagg på til pinnsvinet reiste vi videre til East London. Der kjøpte eg meg ein ny fin mobiltlf, ein motorola c119. Hehe, med dei fælaste ringelydane og tekstmelding som den mest avanserte funksjonen den har å by på. East London, altså. Ein utrolig fæl plass, og lite sjarmerande by.

Derifra drog vi til Cintsa, etter at vi hadde overlat Kim til Zach og Marcus. Dei skulle på ein fem dagers tur opp på fjellet, og vi var ganske så beskymra når vi drog i fra dei. Den turen var lite gjennomtenkt. “Hei Kim, har du lommelykt med? Kniv? Kem av dåkke huska å kjøpe dopapir?”. Hehe, dei gjorde seg klare inne på ein spar butikk 60 min før avreise, men dei klarte seg fint og er no heime i live. På tross av dårlig planlegging hadde dei ein fantastisk tur.

Kim var djupt savna når vi ankom Cintsa, ein liten på by østkysten. Ja, ein liten landsby der vi møtte Gregory. Kim sin “erstatter”.  Nok ein finurlig type. “Kor er majonesen?”. Ja han var fra Nederland. Eg veit ikkje kor mange ganga Chandra himla med augene på grunn av alle dei tåpelige kommentarane han kom med. Vi endte uansett opp med å tilbringe ein del tid med Gregory siden han sov på det samme rommet som oss. Vi drog blant anna på ein kayaktur. Eg og Chandra hadde ein utrolig fin kayakrytme, bare så det er sagt:) 

Etter to netter i Cintsa drog vi til Coffee Bay, Transkei. Gregory var selvfølgelig med på lasset. Coffee Bay var ein utrolig hip plass der alle gikk rundt i sin egen vesle verden. Kanskje ikkje så rart siden naturen var så “forheksande”. Den første dagen vi var der gikk vi på tur rundt I landbyen og hilste på dei som budde der. Utrolig kjekke folk, men var litt vanskelig å kommunisere på grunn av språkbarrieren. Vi prøvde å lære litt Xhosa, men var utrolig vanskelig for dei har så mange klikk i det språket. Vi klarte uansett å si “molo sisi og molo buntu”, som betyr hallo søster og hallo bror.

Første natta i Cintsa, fylte eg 22 år ved midnatt. Da feira vi med champagne i baren og dei sang bursdagssangen til meg på 7 forskjellige språk. Vi var ein ganske så internasjonal gjeng så det var moro. Resten av natta dansa vi og levde oss inn I Queen og Mikhas legendariske sanga. Eg hadde plana om å legge meg tidlig, men gikk seint til sengs på tross av at vi skulle gå tur neste dag. Tilslutt var dansefotane så trøtte at det var på tide å gå til sengs.

Neste dag fikk eg overraskelsesfrokost i restauranten, Chandra hadde lagt ein lapp der fra kyllingen (Chandra) og flaggermusa (Martin) til fisken (Siri). Etter ein koslig frokost og nok ein bursdagssang, gikk vi på tur til “The hole in the wall”, leda av ein afrikansk rock’n roller: Let’s rock’n roll let’s do it!”. Turen begynte veldig bra med fint vær og sol, men når vi var komt halveis begynte det å regne noko voldsomt. Vi trossa været og fortsatte og gå, men etter ein tretimers tur, da vi endelig kom til hullet i veggen var vi så kalde at vi tok eit bilde, stod der i to minutt og gikk. Etter tima med svette, såre føtte og slitne legga. Alt for å sjå hullet i veggen: Eit bilde, to minutt. Putt putt! Vi såg forresten baby-hullet og, så vi var no fornøyd. Naturen var forresten så utrolig vakker at vi måtte klippe oss i armen for å være sikker på at vi ikkje drømte. 

Bursdagsfesten fortsatte med Xhosa kveld, Xhosa dans og Xhosa mat, så det var ein xhosande bursdag. Kanskje ikkje den beste maten, men absolutt ein minnerik kveld med afrikansk dans og mykje energi. Blei nok ein gang seint, og mange drinka, ettersom alle ville spandere drinka på bursdagsbarnet. Ingen kjøring på Siri neste dag. Da kjørte vi til Addo Elefant Park. Der såg vi to av dei fem store: Vann bøffel og elefanter. Elefantane var veldig søte, spesielt olifant babyane (olifant betyr elefant på nederlandsk). Chandra holde på å lære meg nederlandsk, noko mange nederlendere var veldig imponert over i løpet av turen. Vi møtte nemlig på mange nederlendere, ein av dei var som sagt Gregory, som vi på ditta tidspunktet hadde forlatt i Cintsa.

Etter Addo Elefant Park såg vi alle fram til eit skikkelig måltid i Port Elizabeth. Port Elizabeth er jo ein stor by, så der må dei ha skikkelige restauranta tenkte vi. Men neida, TIA (This is Africa), restaurantane stengte kl halv ni, så vi var ein halvtime for seint til eit godt måltid og eit glass vin. I tillegg klarte vi å finne ein backpacker i eit av dei verste strøkene i PE, så vi kunne ikkje gå ut i gatane om kvelden og tok derfor ein taxi til steers for å spise (steers er Sør Afrika sin versjon av McDonalds, æsssj). Uansett, med mat i magen var det leggetid. Dagen etterpå var derimot mykje bedre, da vi reiste til det største kjøpesenteret for å shoppe. Kjøpte meg ein ny kjole og ei ny jakke før vi reiste til Plettenberg bay nok ein gang.

På vei heimover fra Plett, stoppa vi i Arniston, ein liten fiskerlandsby to timer frå Cape Town. Arniston har seinare blitt ein av favorittplassane mine her i Sør Afrika etter at eg reiste der med to venna av meg forrige helg. Når vi kom dit om kvelden bada vi med sjølvlysande plankton i sjøen. Det var heilt utrolig! Skal innrømme at eg var litt redd for hai til og begynne med, men nokon ganga så må ein bare leve livet til det fulle. Angra ikkje på at eg tok den sjansen. Sjansane for at ein blir angrepet av hai er faktisk veldig små. I følge eit museum i Cape Town er sjansane ti (eller kanskje meir) ganga større for at ein dør i si eiga seng når ein sove, eller av sin eigen brødrister. Det sette ting litt i perspektiv! Uansett, tilbake til ArnistonJ Seinare på kvelden grilla vi, mmmm, eit heilt fantastisk måltid! Ein av dei beste måltidene eg har hatt i Cape Town, bortsett frå hin dagen då ein venn av meg lærte meg å lage Gnocchi frå scratch. Mens vi satt der og grilla og kikka på stjernene såg vi også tre stjerneskudd. Tre stjerneskudd i løpet av ein kveld. Arniston er magisk!